12.07.2011 Trening Storm
Ein liten status på Storm etter lang tid uten oppdatering på heimeside. Den siste tida har vert fantastisk med nyfødt Olai i huset. Storm ser fortsatt ut til å takle det nye medlemmet godt. Han får sin daglege trimtur, men i det siste har vi fått litt mindre tid til dei store toppturane...men det kjem igjen straks. Mykje må gjerast i hage før høsten slår til igjen.. Vi har fått trena litt apport i sommar og når eg begynner på ferie nå så vil eg øke intensiteten litt meir. Han har vert veldig bra i det siste og apportert godt. Elles håpar vi å få til ein tur til Trondheim i sommar og besøke slektningar og reise oppom å besøke oppdretter av Storm; Brian Herje. Elles har storm det tipp top. Var innom dyrlegen og vog han for nokre dagar sidan og vekta viste 16.7 kg. Har gått over til eit type med litt større biter av Hills foret for å trimme tenna litt. Ser ut til å like det godt.
01.07.2011 Besøk Fonn Ranch
Forige helg var det tid for besøk i Fonn Ranch i Stardalen.
Innbyggartallet har økt med 1 etter at dei har fått seg ein Jemthund
kvalp. Skikkleg tøffing med ENORM lyst på gåtur. Planen
var å kombinere eit besøk med skytetrening, men været var
ikkje heilt på vår side til det, så vi enda opp med lufgeværskyting
på nattestid. I tillegg måtte vi jo også helse på
hestane på garden. 2 stykker, ein rikstotto og ein arbeidshest.Storm
var sjølvsagt i ilden nå den nye hunden skulle helsast på,
bokstavleg talt travel helg med slossing og leiking.. Helweekend som gjerne
vi tek att.
BILDER...
13.05.20111 Bretontreff Vestlandet
6-8 Mai var det arrangert Bretontreff for region Vestlandet i regi av Jan Bjarte Skrøppa. Eit veldig bra og lærerikt arrangemang. Storm fekk mulighet til å møte andre bretonar og han storkoste seg. Litt stressa var han, men over all forventning. Vi fekk litt inføring i rasen, stell, trening og så var det ein uformell apportkonkuranse. Storm søkte bra og fann fuglen og var på retur men stoppa etter kort stund. Han ville nok heller ha den for seg sjølv.. trening fortsetter...
Elles sidan sist så vart vi foreldre til Olai den 27 april.
Stort for oss! Han er tipp topp og Marianne er allerede igang med trimming
igjen av både Olai og Storm. Blir spennandes tid framover nå for
oss alle.
I haust har eg også jobba med restaurering av Volvo Feltvogn. Utruleg
bra bruksbil til turar med Storm og etterkvart Olai på slep..:) Sjå
galleriet for bilder her
BILDER...
21.04.2011 Skitur
Ei god stund sidan sida har blitt oppdatert, så nå
er det på tide med ein liten status. Sidan sist har vi gått mykje
skiturar i fjella. Marianne nærmar seg fødsel, så det har
blitt meg og Storm som har gått fjellturane. Marianne har holdt seg
i god form med å gå turar med Storm i tillegg. Han har fått
mykje god fugletrening i vinter. Det har vore ok bra med fugl i år og
storm har vert flink og fått stand på mykje av det vi har møtt.
I det siste har han blitt litt for tøff og har villa springe vidre
etter løft. Så nå går det litt i langline i områda
som det er størst sjans for treff. Elles har vi bytta for til han og
han får nå eit meduim Hills for som skal passe til vekta hans
nå på 16.2 kg. Han et godt og søv godt...:) Vinteren har
ikkje gitt seg enda så vi satsar på ein mnd til med trening før
snøen blir for råten. Elles nærmar det seg termin for marianne
om 7 dagar så vi går i spenning og venter...storm er spent også
på kva konkurrent han får...
Bildet er fra ein skitur på mandags kveld..nydleg skitur uten noko syn
av fugl desverre..
BILDER
22.02.2011 Fugletrening
Søndag vart ein fin dag for fugletrening. Det vart ein
litt kombitur med litt trening og litt fotografering. Lite fugl i området,
ikkje beste plass å gå for rein trening. Har forøvrig funne
ein betre plass som skal oppsøkast etterkvart. Håper på
meir stand der. Uansett vart det ein fin dag i fjellheimen og Storm fekk gå
uforstyrra å undersøke terrenget.
BILDER
30.01.2011 Apport trening
Vinteren har pågått lenge på vestlandet og
vi har hatt ein nydleg vinter så langt. Vi måtte til slutt på
taket og måke snø da vi målte 1.2 m på plenen.
Storm har hatt tunge turar i fjellet med snøbrøyting og han
legger seg ogte i bakspora på skia for å puste ut litt før
det bærer ut igjen i terrenget og søker på nytt. Her forleden
når vi var på kveldstur kom vi opp i eit bratt terreng. Storm
gik ein annan veg enn vi vanlegvis gjer og fekk delvis stand. Ut fra brattbakken
støkka 2 orrfuglar ut av intet som 2 ubåtar opp fra sjøen.
Trur han vart overraska og vart ståande i ro og sjå etter dei
nedover bakken. Fin opplevelse med hodelykt og lett snøbyge på
omtrent 900 moh. Det har blitt ein del av dette og storm har jaga terrenget
godt. Idag har det gått i apport trening. Veldig gøy og sjå
han kome å levere...nesten heilt bort til meg. Tørka rype gjer
han flink til å finne den og med litt lettdrykk i lina kjem han.
Elles stortrives Storm. Ingen skader eller uhell på turane
og eter godt med mat. Løpetid blant Lissi og Troya i desse dager, så
han har full jobb med å sjekke damer.
Bilder
21.12.2010 Snart Jul
Jula nærmar seg og det er på høg tid å
få inn juletreet. I år er det furutre som skal plantast i stova.
I Angedalen, barndomsheimen til Marianne er det alltid eit utvalg. Vi bar
av sted og hundane var som vanleg gira på tur. Storm, Lissis og Troya
dundra av stad og søkte i alle krinkelkrokar.
Etter ein strabasiøs høst skal det bli godt med julero. Mykje
har skjedd, og i april ventar også eit barn for oss. Spennandes tid
framover!! Irske Lissi skada seg stygt på tur i seinhøst. Vi
var ikkje i situasjonen, men mest truleg har ho ramla utfor eit stup. Det
endte med brukket fot og begge lungene punktert. Men med god hjelp fra dyrlegen
har ho komt seg til igjen. Elles blir det nå vidre økt fokus
på Storm og ryper, det skal trenes hardt vidre i fjellheimen og vi håpar
å finne bra med fugl. Han har daglelge turar med oss og i det siste
har det blit meir skiturar og etterkvart nå som snøen begynner
å komme godt i fjella blir det lengre turar med større sjans
for fugl. Her er litt bilder fra juletrehogsten og etterkvart skal eg få
lagt ut litt bilder fra fuglejakt-trening.
Bilder
12.12.2010 Oppdatering
Etter ein veldig travel måned har det litt lite oppdatering på
heimesida.Så tenkte det var på tide å skrive ein liten oppdatering
om Storm. Gutten har det bra og nyter vinteren. Vi har begynt å ha hunden
heime på dagtid. Det er for kalt å ha han i bilen nå. Planen
var at vi skulle få til hundegarden i seinhøst, men det rakk
vi ikkje før snøen tok oss for denne gang. Han har dermed fått
plass på vaskerommet på sin vante plass. Det ser ut til å
gå veldig fint. Han er sjølvsagt vill og glad når vi kjem
heim og med ein kort lufterunde før middag er han på høgget
igjen. Han får sin dagelge trimtur. Eg har vert litt opptatt med veteranbilbygging
så Marianne har vert superflink å sørga for at han får
den daglege trimmen. Prosjektet går mot slutten så nå blir
det full fokus og lange skiturer etterkvart som snøen nå legg
seg i fjella. Har forøvrig fått fatt i god skidress til guten
så n slepp han å få snøballar på kroppen. Han
ser ut til å digge denne.. Nye bilder kommer snart
06.11.2010 Skogstur
Det er søndag og etter nokre travle veker var det godt
å ta ein roleg skogstur med Storm. Snøen kom med runde 2 så
med hua tredd nedover hauet bar det i veg. Storm søkte i alle busker
som var og nytte dagen. Sesongens første mandariner er innkjøpt
og Storm lurte felt på kva dette var...
Gratulerer samtidig kullbrutter Kasper med BIR på utstilling. Tydleg
at kullet er plaga med skjønnhet..
BILDER
27.10.2010 Kong Vinter
Forige veke kom det eit bra snøfall i Sunnfjord. i fjella
var det kome ca 40 cm fin laus-snø. Dette gikk ikkje Storm og eigar
forbi uten litt leik og moro. Storm var nysjerrig på dette fenomenet
sjølv om at han fekk med seg ein tur i vår før snøen
forsvant for godt. Han fekk til og med stand på leikane sine som var
nedsnødd. Fredag kveld bar det ut på flott skitur i måneskin.
Herleg liv!! Her er også nokre bilder av Storm i kassa som han sit i
av og til når han ventar på at vi blir ferdig med middagen..lange
minutter dette før det blir trimming.
BILDER
19.10.2010 Hjortejakt
Søndag bar det i veg på hjortejakt med Jan Erik
i Stardalen. Han hadde ei kolle att som skulle takes. Vi traska avgårde
i eit fantastisk terreng med stupbrate fjell på 1400 moh. Bukkane brølte
fra alle fjell så det var reine konserten i dalen. Vi kom opp i feltet
og kom innpå ein bukk på ca 20 m som begynte å brøle
da Nilsen lokka på den. Heftig opplevelse når det er skumringsmørkt
og skogen er tett. Etterkvart fekk vi lokk på kolla. Vi prøvte
å kome oss inn på den men den gikk alltid nokre steg unna. Det
var ingen gode plassar å få skuddsituasjon pga den tette skogen.
Enden på visa var at kolla forsvant ilag med skuddmoglegheiter. Synd
men alikavel ein utruleg spennandes dag. På det nærmaste var vi
innpå kolla på ca 15 m. Dagen vart avslutta med skytetrening med
hagle og min 6.5 Tikka
BILDER
11.10.2010 Jakt-trening
Nå er det ein mnd sidan sist oppdatering av heimesida. Storm har hatt
ein fin mnd med mykje turar i skog og fjell. Han søker godt i terrenget
og viser god jaktvilje. Ved teft av fugl er han umiddelbart roleg og fokusert.
Har ikkje fått skotsituasjonar på han enda, men igår var
det nære på. Vi hadde med Irsk setter Lissie som fekk stand på
fugl. Forsøkte kalle inn storm på samme situasjon men han søkte
vekk i annet område for langt unna i brattfjell til å hente han
inn. I denne situasjonen letta det ca 10 fuglar, men vart bomskudd. Langlina
var elles god å ha på fjellet slik at Storm fekk vere med på
andre situasjonar. Elles bygger storm musklar, og han ser ut til å ha
stoppa i vekst i høgde. Perfekt størrelse og fin haldning på
hunden. Han et fortsatt godt og styrer matbehovet sjølv nå. Her
er litt bilder fra siste mnd.
BILDER
13.09.2010 Hyttetur Geilo
Vi fekk gleden av å vere med to vennepar av oss til Geilo
på hyttetur. Kjemekosleg tur i nydleg vær og flotte omgivelsar.
Storm digga livet og fekk sondert terreng bra. Desverre ikkje så mykje
fugl å sjå i området vi gikk i. Måtte nok ha trakka
lengre ut for å støkka dei. Fin tur som forhåpentelgvis
kan gjentas om nokre år. Det var knallhard meny med både lam,
Svinefilet og indrefilet av hjort.
BILDER
13.09.2010 Høsten kjem
Hausten er på veg også til Jølster. Fargane
begynne å gyldne og vi har ei fin tid forran oss. Jakta i Jølster
er satt ut til 17 september så vi går og ventar på å
få slå til. Tanken er å slå hardt ned på rovdyra
i området. Liten rypebestand i området.Men samtidig må vi
passe på å oppretthalde treninga med Storm. Men forbud mot bruk
av hund i jakta i heimkommunen gjer det litt vanskeleg. Men dette skal vi
løyse med bruk av startpistol slik at han får treninga. Apport
treninga lyt bli på heimefronten. Men det skal gå bra. Vi skal
nå oppsøke områder hvor jakt med hund er tillatt slik at
han får reell trening også. Elles er han er vaken og søkande
i skog og mark og trives fortsatt. Han har vokst bra og begynner vel å
nå topp på høgda. Nå skal musklar byggast!
BILDER
10.08.2010 Sommer 2010
Storm fortsetter og vekse i stor fart. Han eter godt og får
mykje trim. Vi trener vidre med han på inkalling og sitting, ting begynner
å komme nå. Vi leiker med rypevinge enda og det digger han. Skal
kontakte Jan Bjarte for å starte med apportering så smått
og få litt nytting tips til trening. Her følger diverse bilder
av storm den siste mnd. Gutten har blant anna fått plukka blåbær,
vert med på krabbefestival, ta sjansen, kjørt båt og sett
på solnedgang + dagleg fjelltur.
BILDER
10.08.2010 De Nordiske Jakt og Fiskedager og utstilling
Vi drog til Elverum på messe. Masse bra stand med bra
jaktutstyr. Litt invisteringer vart gjort på fronten med litt jaktklede
og ei spennandes lokkefløyte på rev. Det vart foredrag på
lokkejakt på rev, eit nteresant foredrag om jaktform som skal utprøvast
nå. Elles møtte vi på Kristoffer Clausen så vi fekk
snakka litt med han. Tøff kar. Han tilbragte nokre dagar på vestlandskysten
ikkje langt fra Herland. Skal bli spennandes å sjå filmane hans
på DVD. Fekk anledning til å ta nokre bilder av han sammen med
Storm.
Søndag vart det utstilling på Stormen. Marianne var strålandes
i konkuranseringen. Det vart ein ny oppleving for oss. Veldig gøy og
lærerikt. Masse fine hundar i alle rasar. Storm fekk 1 BIR. Uoffisielt
men alikavel utruleg kjekt.
BILDER
06.07.2010 Mobilbilder
Her er litt forskjellege mobilbilder av Storm. Han har sidan
sist fått prøvt seg på sjøen og det likte han godt
etterkvart. Svært dyktig på å sette sjøbein..
I helga kom førken Lissi på besøk også. For å
si det slik...Storm er ikkje akuratt den Lissi drømmer søtt
om kvar natt. Ho knurrer og bjeffer kvar gang Storm vil leike, men gutten
gir ikkje opp og hopper opp etter ho og søker kontakt. Men Når
vi går tur i fjella og andre turar så følger Storm med
på kva ho gjer og ho er ein god lærehund for Storm. Kjekt å
ha ho med på turar så Storm har nokon å sjå opp etter.
BILDER
23.06.2010 Storm på Tindetur
Søndag bar det i veg på tindetur på Tindefjellet
i Jølster for Storm. Heilt pigg var han ikkje pga litt magetrøbbel.(han
finner tak i så utulig mykje god mat i fjellet som han svelger ned...)Men
guten gikk på og kom seg til topps. Nydleg turdag med masse spennandes
lukter og dyr vi møtte på. Han holdt ut heile turen gjennom men
på toppen var det tryggast å ha han i sekk pga terrenget vi gikk
i. Forøvrig har han komt seg til hektene igjen nå og spretter
rundt og koser seg. Spiser normalt og har normal avføring. Dyrlegen
meinte det ordna seg sjølv pga eit døgns fasting på søndag-mandag.
Enjoy!
BILDER
10.06.2010 Fotoshoot
Været var fint og vi alle kula'n på terrassen. Tenkte
det var fin tid til å prøve å ta litt betre bilder av Storm.
Heilt 100 vart dei ikkje men gøy var det iallefall. Storm poserer i
lag med Marianne og deretter var det leiking med rype
BILDER
08.06.2010 Storm veks
Da er det på tide med ein oppdatering av Storm. Vert opptatt
i det siste med mykje jobbing, så har ikkje fått oppdatert sida
på ei stund. Men det går ikkje ut over Storm. Marianne er superflink
å tar han med på turer i skog kvar dag. I går fekk han også
vere med å plukke løvetann og snikre platning.
Han veks godt og trives. I går var vi hos vetrenær og fekk han
vaksinert og samtidig ein rask sjekk. Vi prøver nå eit nytt for
fra Hills. Det virker litt som at pelsen er litt matt og den reker seg ganske
mykje. Vi skal teste dette nå og prøve, samt gi den litt meir
mat også. Han vog 6.5 Kg og ifølge dyrlegen var han veldig bra
stand ellers. Han bruker fortsatt sin faste doplass bak huset, så det
er jo veldig kjekt. Vi trener på sitt og kom kommandoer og den begynner
å bli bra etterhvert. Litt småbiting er det enda, men det roer
seg nok etter ei stund.
BILDER
08.06.2010 Hjorteslaktekurs
Svanøy Hjortesenter www.hjortesenteret.no
holder kurs i slakting av hjort. Dette var eit veldig bra kurs og lærerikt.
Flott natur og mykje intresant å sjå. Anbefales!!
BILDER
20.05.2010 - Første skitur
Torsdag ettermiddag bar det i veg på skitur i Jølster.
Storm hadde fått lada opp med ein liten dupp heime før det bar
i veg.
Han imponerte ved å gå svært langt før han var førnøyd.
Etter eit stykke kom vi i snøgrensa og han såg ut til å
leike seg godt i snøen. Hoppa og spratt rundt og rulla seg. Turen fortsatte
på ski oppover mot toppen på 1035 moh.Storm låg i helane
og kjempa seg oppover. Eit lite stykke unna toppen var han fornøgd
og turen fortsatte i sekk. Her sov han litt, men fekk med seg siste bestigning
mot varden. På toppen leika han og nytte utsikten!. Nedatt vart det
litt for bratt så eg tok han i sekken og slapp han fri lenger nede.
Han guida oss like godt inn på riktig sti mot bilen da vi klarte å
gå feil... Nydleg tur og Storm såg ut til å digge ski-livet.....heldigvis!
BILDER
17.05.2010 - feiring
Ein liten oppdatering på sjølvaste nasjonaldagen.
Vi har vert på Atløya og feira dagen og her har storm kosa seg.
Masse gode lukter ved sjøen! Storm ser fortsatt ut til å stortrives.
Han eter veldig godt. Han har vokst veldig bra den 1 uka på vestlandet.
Han pister ikkje lenger når vi setter han i bur og han har allerede
blitt svært stuerein. Han holder seg til vi komme ned til han om morgonen
og da piler han ut på sin faste plass å gjer fra seg. I helga
fekk vi også trena han med rypevinge. Ingen konkret stand å sjå
men han vart absolut gira!! Vi starta også litt tørrtrening på
sitt komando og han ser ut til å lye veldig bra. I tillegg fekk han
sin første tur på Tyskarhytta eller Nordsjøløypa
i skikkeleg uvær. Han såg ut til å kose seg, men ned igjen
måtte han innom jakka..og der sovna han like godd som ein dupp! Litt
tid til sjøsetting av båt vart det også..Spennandes tid
framover nå nå vi skal starte med trening for fult. Men vi tar
oss også tid til mykje leiking med han.
BILDER
14.05.2010 - 1. vask
Dagen er kommet for første vask. Shampoo er kjøpt
inn og Storm måtte i dusjen. Den klarte seg fint. Litt hale mellom beina,
men ikkje verre at den sleika på shampooflaska etterpå. Etterpå
vart det også litt kosing i handkledet. Det synest han var digg!
BILDER
10.05.2010 - 1 møtet med heimen
Etter ein fin biltur nordover var tida komen for at Storm skulle
få trakke rundt i sin framtidige heim. Det såg umiddelbart ut
til at han likte seg, og med besøk av to jenter, hoppa han rundt og
leika i lag med dei. Hans framtidige bur vart også motatt og natta gikk
som ein draum uten noko problemer.
Øyvind overnatta 1 natta på vaskerommet med han, noko den heilt
sikkert synest var greit..
BILDER
08.05.2010 - Hunden er henta heim.
Etter 8 veker med venting gjekk endleg turen opp til Steinkjer
for å sjå og hente kvalpen. Forventningane var store og resultatet
var 2 nøgde kjøparar.
Hunden ser ut til å ha hatt ein perfekt oppvekst og stortrives ilag
med søskena. Det var også kjekt å sjå Mille og hvordan
ho oppførte seg.
Fantastisk bra hund og det er ekstra kjekt å få kvalp av ein slik
hund. Turen heimat til Jølster gikk fint. Litt oppkast og småpisting
etter pausane, men
ein må regne med litt kvalme etter ein sik lang biltur.
BILDER